5 lærartips før skulestart

Artikkel av Frode Ivar Løvlid, småtrinnslærar.

Det er skulestart, og snart skal alle dei tome knaggane i gangane igjen fyllast opp av jakker, regnkle og bytekle, og det blir endeleg liv og leven i klasseromma over heile landet! Det er skulestart, og elevar, lærarar og foreldre er frykteleg spente. Spente på kva dette året vil bringe, spente på korleis det blir å starte på skulen, spente på korleis overgangen frå småskulen til mellomtrinnet og mellomtrinnet til ungdomsskulen blir. Mange spørsmål som gjerne skulle hatt eit fasitsvar, men som faktisk må erfarast.

Ved sida av spenninga er det ein ting som er viktigare enn det meste – nemleg tryggleik. Alle elevar har rett til tryggleik, omsorg og trivsel. Dette er viktige kjerneområde for skulen i Noreg. Når vi som lærarar no skal ta fatt på eit nytt år, anten med den same gamle (men flotte) gjengen, eller du skal til på ei ny klasse, eller kanskje til og med starte opp med heilt ferske skulebarn – 1.klassingane, så er tryggleik like viktig for alle saman.

Så korleis starte året trygt og godt for elevane? Det er ingen lærarar som er like, og alle har sin måte å vere lærar på, men likevel kan gode råd eller idear vere bra å ta med seg inn mot dette nye året.

Malimo sine trygg-skulestart-tips

TIPS 1: Send velkomstbrev heim til elevane før skulestart. Det kan gjere skulestarten meir føreseieleg for elevane og skapar tryggleik. I eit slikt brev kan ein for eksempel fortelje om korleis dei første dagane kjem til å bli, kor kjekt det blir å sjå eleven igjen og gjerne litt enkel og oversiktleg informasjon om kva som skal vere med til dei første dagane.

TIPS 2: Gjere-liste. Lag deg ein eigen «To do-liste». Ha gjerne ei idémyldring med teamet ditt. På den lista kan du skrive opp for eksempel kva du skal gjere i klasserommet, kva du skal kopiere ut, kva du skal laminere, og ikkje minst - kva skal planleggast til den første veka. Om det er nødvendig å handle inn noko eller andre hugseting, få dette ned på lista.

Denne planen kan delast med resten av teamet og ansvar for gjennomføring fordelast. På denne måten blir ikkje all børa på dine skuldrer, og ein får samstundes i gang eit godt samhald og samarbeid med kollegaene. Teamet sit i same båt, og kanskje skal dei andre i teamet vere nettopp i din klasse, og då er det ein fordel å vere med på planlegginga frå dag ein.

Ha ein klar og tydeleg plan for første skuledag, men ikkje overdriv denne dagen. Ta det med ro, høyr på elevane, la dei fortelje om sommaren, la dei teikne og bruk denne tida til å gje enkel informasjon om korleis vi skal ha det fram til jul. Tema kan vere for eksempel venskap og samhald.

TIPS 3: Pynt og dekorer klasserommet. Eit ryddig og pynta klasserom gir eit signal om at du verkeleg ser fram til dette og gler deg, og samstundes viser det forventningar om korleis klasserommet skal og bør sjå ut. Klasserommet er eit miljø som elevane, og du som lærar, skal opphalde dykk mykje i, og då er det viktig for alle at klasserommet er ryddig og pent. Kaos og uorden i sakene er ofte ei av årsakene til uro.

For første skuledag etter ferien gir eit velkomstbanner ein lystig og inviterande velkomsthelsing til dine elevar. Banneret gjer det også oversiktleg om kvar elevane skal møte, om det er nokon som er usikre på det. Du kan også gjere det meir personleg i gangen og i klasserommet med bruk av namneskilt. Desse kan laminerast, klippast til og festast på pult og i gang.

For ekstra struktur og orden i klasserommet, lag til ein stor og tydeleg oversikt over dagen med timar, fag og friminutt. Dette bør laminerast då det blir teke opp og ned igjen for ulike dagar.

TIPS 4: Gjer dei endringane du så gjerne ønskte du hadde gjort i fjor. Kva fungerte, og kva fungerte ikkje? Få inn dette frå dag ein, og ver standhaftig framover med desse måla.

TIPS 5: Smil, sjå alle elevane! Hels på alle elevane, helst før det ringer inn til første time, første dag. Har du gjort unna punkta ovanfor, så kan det vere at all din uro for skulestarten er borte, medan spenninga og sommarfuglane i magen – dei skal faktisk vere der. Då er du skjerpa og klar for å setje elevane i fokus, og slik skape ei trygg ramme første skuledag og vidare for det nye skuleåret.

For dei meir erfarne lærarane er nok desse punkta bra sjølvsagt, men av og til er det godt med ein repetisjon eller å kome fram til nye tankar og idear. For nye lærarar kan dette vere ein måte å trygge skulestarten både for dei sjølve og elevane. Det gir ein god kjensle å vite at alt er på plass, og denne kjensla av tryggleik som ein lærar utstrålar smittar gjerne over på elevane. Ein trygg, forberedt og roleg lærar skapar meir fokus inn mot kvar enkelt elev. Positiv relasjon til elevane er det viktigaste for læring og åtferd. Relasjonsbygging er noko du gjer heile skuleåret, men skulestarten er spesiell og intens med mange kjensler og usikkerheit og derfor er det ekstra viktig å vere mentalt til stades for elevane i starten på skuleåret.

Lukke til med eit nytt skuleår alle lærarar! Forhåpentlegvis utan altfor mange korona-relaterte restriksjonar.

FINN MALIMO SIN SKULESTARTPORTAL HER!

 

Publisert: 13. august 2021
Endret: 13. august 2021

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *